fredag 5. desember 2008

Tuddelu!:)

Då var det vel kanskje på tide med eit lite livsteikn her i frå Bergen...:)
Livet som sjukepleiarstudent er ganske bra, sjølv om det til tider kan vere ganske travelt..No for tida er me mykje på skulen og øvar. Skal ha ein praktisk/teoretisk test no før jul, så det blir spanande!


I det siste har eg tenkt ein del på kor mykje det er å vere takknemleg for! Midt oppi alle bekymringar, så kan ein få tenkje på at Gud har kontrollen med alt! Av og til når eg er ute og går, så må eg berre smile for meg sjølv, for eg veit at det er ein som er mykje større enn meg og som passar på meg!
Og så tenkjer eg at eg skulle blitt så mykje flinkare til å takke...Her om dagen så hadde me om syns-og hørselshemming på skulen. Då gjekk det opp for meg kor mykje ein tek som ei sjølvfølge. Det er ikkje akkurat ofte eg kjem på å takke for at eg kan sjå og høyre det som er rundt meg.. Jaja, eg er berre litt i sånn filosofisk hjørne av og til..:)

I haust så har eg fått vore med i to bibelgrupper. Den eine er med eks-fjellheimelevar og den andre er gjennom Salem her i Bergen. Det høyrest kanskje litt mykje ut å vere med i to stk., men eg synest dei er veldig fine på kvar sin måte. Desse bibelgruppene er også noko som eg er veldig takknemleg for! Det å få treffa andre kristne er så godt!


Må berre få sagt at eg savner dykk alle i saman! Når eg tenkjer på Fjellheimåret så tenkjer eg berre, for eit luksusår!!:)

Ellers så er jo adventstida ei veldig fin tid med alle adventsstakane, pynta trer og julestjerner rundt omkring :) Sjølv om desember ofte er travel på mange måtar, så er det så godt å få minnast kvifor me feirar jul.

Har berre lyst til å skrive eit lite vers frå ein kjent julesong til slutt;


«Så enkelt og stille kom Gud til vår jord, så høyt er jeg elsket av Jesus min bror. Han kom fra Guds himmel, Gud selv var han lik, men Jesus ble fattig og jeg er blitt rik.»


Då vil eg berre få ynskje alle ei GOD førjulstid!:)





-Ingunn-

3 kommentarer:

Björn sa...

Det er ikke noe galt å väre "litt i sånn filosofis hjörne av og til", er nok altfor få som er det altfor sjelden...

God (för)jul til deg også! Og til alle andre som leser dette, seff!

Unknown sa...

Masse å være takknemmelig for, d e vikti å huske på ja. Takk for den påminnelsen! Gud har full kontroll, og det e trygt å vite. Veit ikkje ka eg sku ha gjort uten han! Ha ei riktig god jul Ingunn!

Ingunn sa...

Takk for det, begge to :)