mandag 26. november 2007

Bøneemner

No er eg lei av å sjå bildet av Sunniva kvar gong eg er her inne, so eg følte for å få på plass eit anna bilde. Ogso går det nok ikkje so lang tid før noken blir lei av detta bildet, sånn at det kjem endå eit nytt innlegg ganskje snart=)



Ellers har eg ikkje anna å seia at eg har det bra og at eg håpar alle andre og har det. Trivast på arbeid gjer eg. Me har forresten fått "masse" snø og skikkeleg vinter her, allerede. De har sikkert fint vinterver i Tromsø og, men her ha me faktisk sol samtidig!!!

Eg ska ha ein eksamen om ei veka, den kan de få lov å vera med å be for!!
Ikveld var eg på ei bibelgruppa. Der er det med ein mann frå Latvia som har flytta med familien sin til bygda her eg bur. Dei er kristne. Han fortalde at han hadde kome i kontakt med dama på jobben sin som han hadde prata med om kristendommen, og ho virka so open. Kunne de ha bedd for ho? ho heiter Elisabeth.

Eg håpar at de har det godt med Gud, det kan ikkje eg sei at eg har...no...
Kan de be om at Gud kan leia meg den rette vegen, på alle måtar?
Anders





1 kommentar:

Miriam Elisabeth ツ sa...

Blir med å be for Elisabeth. Og ber og for deg og din eksamen Anders.

Kanskje lage et eller anna der folk kan legge inn sine bønneemner eller no. Det hadde nok vært lurt.. :)