søndag 8. juli 2007

Jan Arne - skriver

Heisann og fallerallera, hipphurra, for eit ver det er i Tromsø! Ikkje for å skryte altså, men må jo skryte av det som ein kan skryte av når ein er "støck" her oppe i nord på Fjellheim Sommerhotell. Men det er verdt det altså, for hohoi, det er så fint her no. Eg, Fredrik og Artem har det heilt kanåån. I går laga Fredrik heimelaga pizza, og idag grilla vi ved sjøen. Med andre ord har vi det fint. Noko som eg sjølvsagt håper at de andre også har.

Men du, May Bente. Traff så vidt ho der Tora Marie eller kva det var ho heitte, ho verka tilsynelatande grei synest eg. Hehe. Håper de får det flotters ilag på Soltun. Det trur eg.

Å det var fint å høyre at du, Anne Gørill, ser ut til å sjå helinga av sjukdomen din i sikte. Genialt.

Elles kan eg vel seie at vekene går utruleg fort nå ein jobbar. Her på hotellet går det eigentleg veldig greit - sjølv om eg meir og meir innser at eg ikkje er det fødte service mennesket. Heller ikkje den fødte handy-man. I stad måtte eg opp på eit rom å skifte lysrøyr hos nokre gjestar. Mildt sagt pinleg for meg som aldri hadde gjort det før. Men slik er det å vere mann, om du er handy eller ikkje handy, så er du mann, og dermed møter du visse forventningar, særleg frå dei kvinnelege medarbeidarane. Hohoho.
Men alt i alt så er denne jobben ganske fin, kan trygt anbefalast til dykk andre for seinare somrar. Topp folk å jobbe saman med her altså.

Syns det er litt kjipern å ikkje kunne komme verken til vestfold, eller Oppdal på det greiene som skulle vere der, men that's life. Plutseleg legg ting seg til rette slik og slik, og dermed vart det ikkje slik - altså slik som du hadde tenkt.

Ønsker dykk alle ein fortsatt fin somar, også de som "druknar" i vatn. Snart kjem det nok meir sol der også. Men enn så lenge, så er turistane blide her nord!

MVH

Jan Arne

Ingen kommentarer: