onsdag 3. oktober 2007

PIP frå Trøndelag


Hei!

Mine gratulasjonar til Sunni (eller va d shia?) og Per Olav. Hav fun but dont stay out too long!
I Trondheim går dagane merkelig fort....til og med vekene går fort. Dei går så fort at eg syns eg ikkje får gjort eller blitt med på halvparten av det eg skulle.
I dag var eg med Anne Gørill på Burgerking...Ho har omsider oppheva den strenge "dietten" sin som følge av det der slappheits viruset, så no gafla ho i seg mens eg såg på. Litt av eit syn. På laurdag var eg og Oddis og Bjarne som eg bur saman med på bowling, det var partiii!
Ja, drit, veit ikkje kva meir interessant eg kan skrive om her. Det var alt som omhandla vi frå Fjellheim, det andre er nok ikkje interessant for dykk, sikkert ikkje dette heller, hehehhehe.
Til helga reiser eg heim på "perm", eller rettare sagt bursdagsfeiring, eller rettare sagt ferie, eller kanskje heller haustferie. Mamsen har bursdag, så må finne eitt eller anna å kjøpe til ho. Eg er sinnsjukt dårleg til det. Det endar bestandig med katastrofe. Denne gongen må eg nok gjere som ho seier, og kjøpe ho presis det ho vil ha, og ikkje ein cd eller noko anna lurt som eg kan komme til å finne på. "Jada mamma, då blir det hudkrem og parfyme som bestilt!"

Ingen kommentarer: