mandag 3. september 2007

Jan Arne i Trondheim

Heisann alle saman.
Kjekt å lese kva og korleis og kvifor de gjer forskjellige ting.
Viss de tilfeldigvis vil vite kva eg gjer, så ja, eg er i Trondheim og har begynt på psykologistudiet. Angrar eigentleg. Kanskje er eg berre skulelei, men trur eigentleg at det ikkje er det studiet eg skulle ha valt. Men no skal eg iallfall fortsetje fram til jul så får eg sjå deretter. Veldig mykje er nytt, og veldig mykje er forvirrande og rart. Mange nye folk og nye utfordringar. Men ein får ta ein dag om gangen. Veldig mykje er dessutan kjekt, og det er knall at Oddvar har komme hit, og Anne Gørill. Dessutan kjenner eg ein del folk frå vidaregåande som eg er ein del saman med.

Det er dessutan rart å møte folk som berre tenker fest, fest og atter fest. Derfor er det kjekt å ha eit kristent miljø å gå i på fritida. No var eg i Betania sist laurdag. Det verka som det beste alternativet til no. Har blant anna vore innom Salem og frikyrkja, men ja, Betania verka betre. Elles har eg gått ein del i Laget (studentlaget). Der er det veldig mange bra folk.


No er eg på besøk hos nokre vener frå vidaregåande, snart skal eg ta sykkelen fatt å sykle den 5 km lange vegen opp igjen. Får altså god trim, så ingen fare på den fronten, hehe.

Håper alle de andre har det bra, prøvar så godt eg kan å hugse dykk i bønene mine.
På snarleg gjensyn;)

JAN

Ingen kommentarer: